Helsesjukepleiar på Høyland skule:
Christine Andersen Lokøy er helsesjukepleiar hos oss, og hos henne er døra alltid open for barna på skulen. Ho er her kvar måndag og torsdag.
Kven kan koma til helsesjukepleiar?
Alle kan kome innom for samtale, men det er greitt å seie ifrå til læraren kor ein skal. Føresette kan ta kontakt på telefon.
Kva kan helsesjukepleiar hjelpa med?
Helsesjukepleiar har teieplikt, og kan snakke med barna om ulike spørsmål og utfordringar dei måtte ha. Dette kan vera alt frå spørsmål relatert til kropp, kosthald, trening/aktivitet, psykiske vanskar, mobbing, vaksinar og/eller andre tankar som, barn og unge er opptatt av.
Vaksineprogram
Helsesjukepleiar har ansvar for vaksinering av elevane på skulen.
Her kan du lese meir om det norske barnevaksinasjonsprogrammet .