SORIA MORIA
Ei blanding av kor, teater og leik
For ungdom og vaksne med funksjonsnedsettingar frå 16 år og oppover.
Du kan melde deg på aleine eller saman med ein støttekontakt/anna fylgje.
Tid/stad: Torsdag 1700-1800, Jadarheim
Dei som vil på Kulturkafeen etter øving rekk dermed dette fint!
Det vil vera aktivitet kvar veke, og det vil vera tema-basert med plan som vert delt ut i starten av året. Det vil og vera mulig å melde seg på f.eks julekor til Hårock sin julerevy seperat.
Vi vil så langt vi kan - legge til rette så den enkelte som har lyst til å vere med skal få ha gode trygge rammer og skal få skine på best mulig måte.
For å vera med må du ha lyst til å gjere ting saman med andre og vera forberedt på å øve på ting fleire gonger. Og det viktigaste: Du må like å ha det gøy.
Du kan melde deg på enten:
Aleine: Då må du klare å følgje beskjeder og klare toalettbesøk ol. på egenhånd.
Saman med ein støttekontakt eller andre som også deltar aktivt i gruppa på same måte som du.
Aleine: Men har med nokon som følger deg som ikkje deltar som deltakar
Spørsmål kan rettast til Inger Elisabeth Dåsvand på epost inak@ha.kommune.no
Påmelding gjør du på denne linken: https://NOHAA.speedadmin.dk/registration#/course/376