Ogna skule - referat frå møte i SU/SMU 18.03.2024
Dato: Måndag 18. mars 2024
Tid: Kl. 19.00
Forfall: Geir Undheim, Synnøve Romsdal, Siri Brüggemann, May Bente Lokøy
Vara Karl Johan Apneseth møtte for May Bente Lokøy
Saker:
05/24 Godkjenne innkalling og sakliste
Ok
06/24 Saker frå elevrådet
Elevrådet hadde siste møte 18. mars.Første saka dei tok opp var korleis det
går i friminutta på ungdomstrinnet etter at skulen vart mobilfri etter vinterferien.
Elevane seier at det går greitt, men at dei merkar det best før skulen startar
om morgonen. I friminutta sit 10. klassingane ofte og drøser, eller dei spelar
litt biljard av og til. Nokre elevar i 9. klasse kjedar seg litt, men det går greitt.
Dei drøser eller spelar kort. Elevane i 8. klasse spelar mykje biljard, airhockey
eller fotball saman med elevar frå 7. klasse.
Elles ønskjer elevrådet at skulen skal kjøpe inn spel og fotballar til klassane
på ungdomstrinnet.
Skulen skal sjå på ønskja som kjem, og så kjøpe inn ein del spel før påske.
07/24 Status etter innføring av forbod mot mobilbruk og smartklokker i skulen
Det har vore mange positive tilbakemeldingar frå føresette etter forbodet.
Ingen negative tilbakemeldingar. Innføringa har gått veldig bra på skulen.
Elevane har vore flinke til å følgje dei nye reglane.
08/24 Grillfesten – tidspunkt og innhald
Det vert grillfest for heile skulen måndag 3. juni kl. 17.00 – 18.30. Elevar,
lærarar og føresette på 9. trinn har ansvaret for arrangementet. Då skal me
ha det kjekt i lag med mange aktivitetar, god grillmat og strålande vér.
Med helsing
Hå kommune
Helge Håland
rektor