November - besøk frå ungdomsskulen:
To representantar frå elevrådet, lagleiar og rektor på Nærbø ungdomsskule kjem på besøk til alle elevane på deira heimskule. Her kan de og stille spørsmål om det er noko de lurer på.
Mellom vinterferien og påske - foreldremøte:
Alle føresette vert invitert til foreldremøte i aula på Bø skule. Her er og elevane inviterte, det er viktigast at dei føresette kjem. Mellom anna vil ungdomsskulen gje viktig informasjon om karakterar og fråvær, samt val av språkfag/arbeidslivsfag og valfag.
Mai - overgangssamtalar:
Lærarane på Nus kjem til barneskulane for å ha overgangssamtalar med elevar, føresette og lærarane på barneskulen. Det er viktig å vere førebudd, og me tek utgangspunkt i skjema for overgang mellom barne- og ungdomsskule.
Juni - skulebesøk og "bli kjent-kveld":
Elevane på 7.trinn kjem på skulebesøk på NUS. Her får de ein omvising på skulen, og de får møte kontaktlærar og dei andre lærarane på trinnet. I juni blir det og ein "bli kjent-kveld" der alle elevane på trinnet kan bli betre kjent.
NB! Eiga innkalling til dei ulike aktivitetane kjem når me har dato klar. Dette kjem litt an på tidspunkt for eksamen. Har de spørsmål i samband med overgangen, er det berre å ta kontakt med anten barneskulen eller Nærbø ungdomsskule.