Opningstider:
Opningstider er kl. 7.00-16.00. Ein kan levera og henta når ein vil innanfor eleven sitt SFO-tilbod.
Lokale: 1. klasse har SFO-areal i inngang D (i same inngang som 1B). 2. - 4. klasse har SFO-areal i inngang F (kjelleren i same bygg).
Morgontilbodet er frå kl. 7.00 - 08.10. Dei som ynskjer å eta frokost i SFO bør ha kome til kl. 07.30. Frukosten må bringast med i matboks. Elevane vert levert av foreldra på SFO, og vert ikkje etterlyst om dei ikkje møter om morgonen.
Ettermiddagstilbodet er frå kl. 14.00 - 16.00, eller kl. 11.15 - 16.00 på tysdagar (og fredagar for 1. - 2. klasse). Elevane vert inn-registrert og i første omgang etterlyst hos kontaktlærar om dei ikkje kjem.
Eleven kan gå heim sjølv etter avtalar som er gjeldande for delar eller heile skuleåret. Dette må leggast inn på Visma Flyt Min Skole-appen. Personalet har kapasitet til å senda heim elevar på gitte og avtalte klokkeslett: 14.30 - 15.00 - 15.15- 15.30 og 15.45. På tysdagen og fredagen kan personalet og senda elevane heim kl. 14.00.
SFO har tilbod også i feriar. Eiga påmelding vert sendt ut via Visma flyt. Aktivitetsplan for perioden vert og sendt ut på på Visma flyt før ferien.
Fråvær:
Fråvær skal alltid meldast på Visma Flyt Min skole-appen, som fråvær eller merknad på aktuell SFO-dag. Då vil både kontaktlærar og SFO-personell få informasjon om fråværet. Beskjeder til SFO må også leggast inn som merknader i appen.
Organisering:
Garderobeplassane er faste og merka med namn. SFO oppfordrar til å merka kleda godt. Attgløymde klede vert samla i eigen kasse.
Måltidet på SFO er kvar dag klokka 14.15. Det vert servert brødmat. På tysdagen (og fredagen for 1. og 2. klasse) vert det ofte servert varm mat.
På tysdagen (og fredagen) som er kort skuledag, må elevane ha med matpakke til måltidet som er klokka 11.30.
Oppseiing
Oppseiingstida for SFO-tilbod i Hå kommune er to månadar, gjeldane frå den 1. i månaden. Sjå vedtekter.
Dagsrytme:
Måndag/onsdag/torsdag:
14.00- 14.15- Oppmøte og registrering
14.15- 14.45- Brødmåltid
14.45- 16.00- Uteleik, ulike aktivitetar inne eller gymsal.
Tysdag/fredag:
11.15- 11.30- Oppmøte og registrering
11.30- 12.00- Måltid - eigen matpakke
12.00-12.30- Friminutt/pauseavvikling
12.30- 14.30- Felles aktivitet: Tur eller inneaktivitet. Nokre veker etter oppstart vil elevane ha ulike aktivitetar dei kan velja mellom.
14.30- 14.50- Måltid. Brødmat eller varmrett/gjærbakst
14.50- 16.00- Uteleik, ulike aktivitetar inne eller gymsal.
Kontakt:
SFO-leiar skuleåret 23/24 er Annelin Håland Forsmo, telefon: 47695610
Ta kontakt med skulen/SFO ved spørsmål.