Frå januar 2022 byrja storskulen med Skolelyst-ordninga frå Tine. Det vil seie at du frå og med i dag av kan leggja inn di eiga bestilling for mjølk og andre produkt med direkte betaling til Tine.
Det vil ta 10 - 14 dagar frå bestilling til levering.
''Skolelyst® frå TINE har levert mjølk til skuleelevar i 50 år! Skolelyst® tilbyr eit breitt tilbod av mat og drikke, og det er skulane sjølv som bestemmer kva for av dei 17 Skolelyst®-produkta dei vil tilby på sin skule. Alle drikkeprodukta er utan tilsett sukker, berre med naturleg innhald av sukker frå råvarene. Skolelyst® er ei fleksibel løysing som gjer at barnet ditt kan nyte forskjellige produkt på ulike dagar i veka.
Du vel sjølv om du vil betale heile beløpet med ein gong eller litt kvar månad.
Registrer deg og bestill på skolelyst.no ved å:
1) Registrer barn
2) Vel produkt
3) Betal (betal med kort og få eit månadleg trekk om du ønskjer)
Spørsmål? Gå til www.skolelyst.no eller kontakt oss på telefon 513 71 510 eller på e-post: skolelyst@tine.no.''