Arbeidslivsfaget er alternativ for dei elevane på ungdomstrinnet som ikkje ønskjer å ha 2. framandspråk.
Elevane får karakter i faget, og vert gitt ut frå korleis dei klarer å nå kompetansemåla som er henta frå vidaregåande skule.
Vi har to hovudretningar som elevane kan velje;
- Handverksfag (i hovudsak TIF og Bygg og anlegg) i lokala i Stokkeland.
- «Servicefaga». Her har vi ein kombinasjon av undervisning på skulen og utplasseringar på arbeidsplassar. Dei vanlegaste studieretningane her er Helse og oppvekst, Restaurant og matfag og Service og samferdsel. Vi prøver i stor grad å lage til individuelle løp ut frå den einskilde elev sine ønskjer.
Innan tilbodet i Stokkaland samarbeider vi med Ogna skule og Varhaug ungdomsskule. Fagpersonalet som har ansvaret for opplæringa er tilsett ved Vigrestad storskule, og dei andre skulane overfører ressursar til Vigrestad storskule.