Utdannings- og yrkesrådgivarane er dei som fylgjer kvar elev heilt frå starten av femte trinn til eleven er i gang med vidaregåande opplæring. Kvart år fram til 10. trinn har elevane ulike større og mindre opplegg som direkte eller indirekte har med val av vidaregåande opplæring å gjere. Dette er det aller viktigaste valet elevane våre står ovanfor. Derfor vel skulen å satse på ein omfattande rådgjevarmodell. Denne modellen fokuserer på at elevane gjennom alle klassestega vert informerte og motiverte på ein slik måte at dei veit kva dei sjølve er i stand til å gjennomføre og kan satse på når dei skal over i eit nytt utdanningsløp.
Målet våre er at vi på ein best muleg måte rettleia elevar i det å verta betre kjende med interessane sine, kompetansar og sterke sider som ledd i det å ta meiningsfulle val.
Stortingsmelding nr. 22 om ungdomsskulen, "Motivasjon - Mestring - Muligheter" seier at:
"1. Alle elever som går ut av grunnskolen, skal mestre grunnleggende ferdigheter
som gjør dem i stand til å delta i videre utdanning og arbeidsliv.
2. Alle elever og lærlinger som er i stand til det, skal gjennomføre videregående opplæring
med kompetansebevis som anerkjennes for videre studier eller i arbeidslivet.
3. Alle elever og lærlinger skal involveres og oppleve mestring."
(Meld. St. 22 (2010-2011), s. 6).