Viktig melding

Lukk meldinga

Slamgebyr

Kven har septiktank?

Kloakken frå eigedommen din må ha ein godkjent reinsemetode. Dei aller fleste er tilknytta kommunal kloakk. I område der det ikkje er kommunal kloakk eller reinseanlegg, må du ha eiga løysing med abonnement for tømming av septiktank (slamavskiljar)

Korleis fungerer tømminga?

Hå kommune er ansvarleg for at septiktankane vert tømt annakvart år. Hå kommune har avtale med eit firma som tømmer tankane. Du vil få melding i posten før det er tømming.

Kva kostar det?

Pris for slamavgift
Abonnement Pris
Slamavgift 1018,50 kroner per år

Pris er eks. mva.

Kva må du gjera før tømming?

Som eigar får du melding om tømming på førehand. Då har du ansvar for at septiktanken er lett tilgjengeleg for tømming:

  • Firmaet må kunna komme til med stor bil.
  • Du må fjerna snø, is eller jord som dekkar kumlokket. 
  • Du må også fjerna buskar eller anna som skjuler kumlokket.

Betaling

Dersom tømmebilen ikkje får gjort jobben sin og må koma tilbake, må du betala eit gebyr for ekstratømming frå tømmefirmaet. Det same gjeld dersom du av ulike årsaker må tømma oftare enn annakvart år. Ekstratømming må avtalast direkte med firmaet som tømmer septiktankar. Det er tømmefirmaet som sender faktura til deg.

Ver merksam på at enkelte eigedommar har valt å behalda septiktanken sjølv om dei er knytta til kommunal kloakk. Då har dei abonnement på kommunal kloakk, og ikkje eige abonnement for tømming av septiktank. Det er då eigaren som er ansvarleg for ei eventuell tømming og sanering.

Har du spørsmål om tømming og tekniske forhold?

Ta kontakt med:
JTR Gruppen AS
Telefon: 97 63 55 30
E-post: post@​jtrgruppen.no