Jakt og viltforvaltningHjortedyrvaldDet er opna for jakt på elg, hjort og rådyr i Hå kommune. Minsteareal for felling av hjortedyr i Hå kommune er 500 daa for rådyr, 2000 daa for hjort og 12000 daa for elg. Området skal vere samanhengande og eigna for jakt.Søknadsfrist for godkjenning av nytt vald er 15. mai. Her finn du skjema for godkjenning og endring av vald. Legg ved eit kart saman med søknaden med innteikna yttergrenser for valdet, og eventuelle eigedomar som ikkje er med i valdet må merkast godt. Søknad med vedlegg skal sendast Hå kommune.Anna jaktFor anna jakt på til dømes hare, rev, ender osv. må ein inngå avtale med aktuell grunneiger eller jaktrettshaver. Sist endra 22.04.2024 14.10