Viktig melding

Lukk meldinga

Brukarstyrt personleg assistent

Trykk her for søknadsskjema

Har du ein funksjonsnedsetting og treng hjelp i kvardagen, kan du søkja om brukarstyrt personleg assistanse (BPA).

BPA er ei alternativ organisering av praktisk og personleg bistand for personar med nedsatt funksjonsevne og stort behov for bistand i dagleglivet, både i og utanfor heimen.

Du må vera under 67 år og ha eit omfattande og langvarig behov for hjelp.

Nokon må vera arbeidsleiar. Det kan vera du sjølv, foreldra dine eller andre som står deg nær. Å vera arbeidsleiar betyr å organisera og leia arbeidet som brukarstyrt personleg assistent utøver. Dette inneber:

  • utarbeida turnus
  • oppfølging ved sjukefråvær
  • skaffa vikarar
  • gjennomføra medarbeidarsamtaler
  • sørgja for at arbeidet vert utøvd i samsvar til gjeldande lover og forskrifter.

Kontakt

Oda Malene Tangen Storesætre
Vernepleier
Mobil: 41532733