Viktig melding

Lukk meldinga

Skal du bygga, riva eller endra?

Slik søker du
Slik søker du

1. Sjekk planar og reglar

Før du startar eit byggearbeid må du sjekka kva planar og reglar som gjeld for eigedommen din. Kommuneplan, kommunedelplan og reguleringsplan kan du finne på vår kartportal.

Kartportal

Ta kontakt med kommunen dersom du ikkje finne planar for din eigendom, eller er i tvil om kva du har lov til å bygga.

 

Om tiltaket ikkje er i henhald til planar og reglar, må du leggje ved ein søknad om dispensasjon frå arealbestemmelsane.

2. Situasjonsplan

Eit situasjonsplan er eit kartutsnitt av eigedomen der du teiknar inn tiltaket du ska søka om.
Bestill kartutsnitt

3. Teikningar

I byggesøknaden skal det vedlegges målsatte teikningar av det du ønsker å byggja.

I utgangspunktet eit sett med fasade-, plan- og snitteikningar, helst i målestokk 1:100.

4. Bestill naboliste

Skal du gjera noko som krev at du søker om byggeløyve frå kommunen, må du varsla naboane dine først. 
Bestill naboliste

5. Send nabovarsel

Nabovarsel skal væra sendt til naboane før du søkar om byggetillatelse.
Informasjon, digital løsning og "papirskjema" for nabovarsling

6. Fyll ut søknaden.

Har du et mindre byggeprosjekt på egen bustadeigendom, kan du sjølv senda inn byggesøknad.

Søknadsskjema for mindre byggeprosjektar på bustadeigendom

 

Gjelder byggeprosjektet driftsbygning i landbruket med samla bruksareal (BRA) mindre enn 1000 kvadratmeter, skilt/reklame, midlertidig bygning/konstruksjon/anlegg (som ikkje skal plasserast for lengre tidsrom enn 2 år), oppretting av ny grunneigedom, arealoverføring eller fasadeendring, må du bruka blankett 5153. (For fasadeendring kryss av "Annet" og beskriv «Fasadeendring» på kva du skal gjera.)

Søknad om løyve til tiltak utan ansvarsrett (blankett 5153)

 

For andre søknadspliktige byggeprosjekt må en ansvarleg søker (kyndig føretak) utarbeide og innsende byggesøknad for deg.

 

Enkelte tiltak krev ikkje søknad og løyve.

Oversikt på ikkje-søknadspliktige tiltak

 

Frittliggande bygningar eller tilbygg som er unntatt søknadsplikt, må meldes i frå om til kommunen.

Skjema for melding om frittliggende bygning eller tilbygg

 

Fører tiltaket til endring av eksisterande sanitæranlegg eller nytt abonnement på offentleg vatn og avløp, må du få røyrleggjaren til å fylla ut dette skjemaet her og senda det inn til kommunen:

7. Lever søknad

Vi oppfordrar til å benytta digital byggesøknad for de tiltak det er mulig.

Søknader på "papirskjemaer" anbefaler vi å senda inn søknaden via eDialog

Alternativt kan du kan senda søknaden til kommunen på e-post til teknisk@ha.kommune.no

Dokumentene legges ved som separate PDF-filer.

Søknaden kan også sendes, via posten, eller levera direkte til servicetorget på rådhuset.

Når får du svar på søknaden?

  • Behandlingstid på byggesaker utan dispensasjon er normalt 3 veker.
  • Behandlingstid på byggesaker med dispensasjon er normalt 12 veker.

 

Opningstider

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 12.30-14.00.

Klikk her for å bestilla møte

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000

Kartpunkt