Viktig melding

Lukk meldinga

Hjelpemiddel

Hjelpemiddel har til hensikt å betra funksjonsevna hjå brukar, og lette pleia av sjuke og funksjonshemma. Kommunen låner ut ein del hjelpemiddel gratis ved kortvarige behov eller som ei mellombels løysing. Me låner ut hjelpemiddel i inntil eit halvt år.

Korttidsutlån av hjelpemiddel

Me har eit hovudlager på Hå sjukeheim på Nærbø. Her kan du låna følgande hjelpemiddel:            

RullestolarToalettforhøgjer
RullatorSøsterhjelp
DusjkrakkArbeidsstol
GripestangPreikestol
Dusj- og toalettstol 

 

Me har og lokale lager ved heimetenesta.

 

Andre hjelpemiddel til utlån:

SengerMe har eige lager for utlån
TerskeleliminatorVaktmeister hjelper til med montering
LøftestolMe har eige lager for utlån

Har du behov for å låne hjelpemiddel, kontakt Servicetorget på rådhuset, tlf. 51 79 30 00

​Brukaren har sjølv ansvar for at hjelpemidla vert levert tilbake. 

Elektrisk rullestol og sykkel kan du ikkje låna på korttidsutlån. Her må det søkjast til NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland. Ergoterapeut kan hjelpa deg å søkja.

Har du varige behov for hjelpemiddel (meir enn to år):

Ved varig behov kan du søkja  NAV Hjelpemiddelsentral i Rogaland. Ergoterapeut kan hjelpa deg å søkja.

Førespurnad om ergoterapi: Skjema førespurnad om ergoterapi

Send skjemaet til: Hå kommune, Ergoterapiavdelinga, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug.

Hugs å: 

  • signera skjemaet (samtykkeerklæring)
  • fylla ut namn på instans/kontaktperson (om du er ein annan enn søkaren)

 

Desse hjelpemidla (m.a.) kan du verken låna eller søkja om, men må kjøpa sjølve:

  • Håndtak (i dusjen, i trappen inne/ute), rekkverk, forhøgingsklossar

Når det gjeld hjelpemiddel for syn og hørsel, må du søkja dette via augelege og hørselsentralen til NAV/trygd.