Viktig melding

Lukk meldinga

Aktiviteten

Aktiviteten er eit dagtilbod for ungdom og vaksne med nedsett funksjonsevne.

Aktiviteten er eit tilbod til deg som treng aktivisering og tilsyn i kvadagen. Du kan vera med på aktivitetar og samlingar i våre lokale eller få hjelp til arbeidstrening og praksis på andre arbeidsplassar.

Kva gjer vi på Aktiviteten?

På Aktiviteten gjer vi mellom anna dette:

  • Samlingsstund med sang og musikk.
  • Sanserom.
  • Gåturar/trim/basseng.
  • Matlaging.
  • Enkle arbeidsoppgåver på bestilling.
  • Arbeidsoppgåver på Lode ridesenter.
  • Arbeidsoppgåver i Nærbøparken.
  • Arbeidsoppgåver på vaskeriet på Nærbø.
  • Arbeidsoppgåver i butikk.
Korleis får eg plass på Aktiviteten?

Du må senda inn søknad der du beskriv behovet ditt. For å få plass må du ikkje ha institusjonsplass, og du må ha behov for tilrettelagt fritid.

 

Trykk her for søknadsskjema

Opningstider

Klokka 9-14 alle kvardagar

Kontakt

Aktiviteten Vigrestad
Telefon: 90921730
Aktiviteten Nærbø
Telefon: 90917492

Adresse

Aktiviteten Nærbø:

Jadarvegen 25

Aktiviteten Vigrestad:

Gjegnet 24 A

Kart