Kva tid har eg teieplikt, meldeplikt eller avvergeplikt?
Samtykke
Me skal som hovudregel ta tidlig kontakt med barnet/den unge, foreldre/føresette og andre tenester som kan vera til hjelp. For å kunna hjelpa må me ha tillit og basera kommunikasjon med andre teneste på samtykke frå dei det gjeld. Den som har teke initiativ i ei sak har ansvar for å sikra samtykke frå den det gjeld og/eller frå foreldre/føresette.
Teieplikt
Alle tilsette i kommunen har teieplikt, men me kan ha teieplikt etter ulikt lovverk. Det gjer at me ikkje alltid kan snakka saman og dela opplysningar, utan samtykke frå dei det gjeld. Me må vera tydelege med kvarandre på kva lovverk me har teieplikt etter og sikra samtykke slik at me kan samhandla.
Meir om teieplikta til helsepersonell.
Tilsette i barnehagar og skular har teieplikt etter forvaltningslova § 13.
Avvergeplikt og meldeplikt
I enkelte tilfelle vert teieplikta sett til side. Då har du som tilsett anten avvergeplikt eller meldeplikt til politi eller barneverntenesta.
Dersom du lurer på om situasjonen du står i løyser ut avvergeplikta di eller meldeplikt, skal du snakka med leiaren din.
Du kan også ringa kontakttelefonen til barneverntenesta (992 14 938) og drøfta saka anonymt.
Rettleiar teieplikt og samhandling i kommunalt arbeid