Viktig melding

Lukk meldinga

Matavfallsposar

Ein pose ut - ein rull inn.

Om du går tom for matavfallsposar, kan du knyta ein pose på dunken, så leverer renovatørane ut ein ny rull til deg. Dette kan du gjera heile året. Alle kan også henta posar på Pytten miljøstasjon eller i servicetorget på rådhuset.

 

Bur du i sameige?

  • Du kan knyta pose på dunken når du bur i eit sameige med store fellesdunkar også. Éin pose på dunken betyr éin ny rull. Dersom to personar knyt på pose ved same tømming, blir det levert ut to rullar.
  • Dersom sameiget ønsker å dela ut posar til bebuarar sjølv eller ha eit felles lager, kan leiaren av sameiget henta til alle på Hå gjenvinningsstasjon.

Har du nedgravne containerar? 

Dersom du har nedgravne containerar, får du levert ut posar av kommunen ein gong i året.