Viktig melding

Lukk meldinga

Meld frå til kommunen når bygget er ferdig

Tiltak som ikkje er søknadspliktige

Har du sett opp ein garasje, tilbygg, må du gi beskjed til kommunen. Me treng opplysingane for å oppdatera dei digitale karta våre.

  • Du gir beskjed ved å levera utfylt skjema

  • Legg ved eit situasjonskart som viser plasseringa av bygget

Skjema for melding om frittliggende bygning eller tilbygg

Tiltak som er søknadspliktige

Har du byggesøkt tiltaket sjølv, må du søka om ferdigattest.

  • Du søker ved å fylla ut skjemaet , og legg ved nødvendige vedlegg.

Dersom du har fått hjelp av ein ansvarleg søkar tidlegare i byggesaka, er det den ansvarlege søkaren som skal søka om ferdigattest.

Skjema for søknad om ferdigattest

Midlertidig bruksløyve

Så lenge det berre gjenstår mindre arbeid, og det ikkje er farleg å ta i bruk bygningen, kan du søka om midlertidig bruksløyve. I søknaden må det gå fram kva arbeid som står igjen og ein frist for å ferdigstilla bygningen. Eit midlertidig bruksløyve gjer at du kan ta i bruk bygningen før du har motteke ferdigattest.

Skjema for søknad om midlertidig bruksløyve

Kva kostar behandlingane?

Behandling av melding om ikkje-søknadspliktig tiltak og ferdigattest, tas det ikkje noko gebyr.
For behandling av midlertidig brukstillatelse tas det gebyr på kr 2657 (pr. 2023).

Saksbehandlingstid

Saksbehandlingsfristen for søknad om ferdigattest eller midlertidig bruksløyve er tre veker, men søknadane blir behandla så raskt som mogleg.

Opningstider

Byggesakskontoret er ope måndag til fredag 12.30-14.00.

Klikk her for å bestilla møte

Kontakt

Servicetorget Hå kommune
Telefon: 51793000