Viktig melding

Lukk meldinga

Tilsyn i landbruket

Kommunen (ved brannvesenet) kan ved enkeltvedtak bestemme at det skal førast tilsyn med andre byggverk m.m. enn dei som vert definert som særskilde brannobjekt. Her i Hå inneber dette mellom anna at brannvesenet går på tilsyn i landbruket.

Hå kommune er størst i landet når det gjeld antall husdyr. Følgeleg må Hå brannvesen ha ekstra fokus på brannsikkerheit i denne bransjen. Landbruk generelt inneber ein del risikofaktorar som samla sett gjer aukt risiko for brann, samt aukt sannsyn for alvorlege konsekvenser av ein brann:

  • Utstyr og installasjonar i driftsbygningar vert utsett for stor belastning i form av fukt, støv og gassar. Elektrisk utstyr og brannvarslingsanlegg er dermed sårbart for slitasje.
  • Lagring av farlege stoff som drivstoff, sveisegass, kunstgjødsel er vanleg; både på kort og lang sikt.
  • Lagring av store mengder brennbart materiale utgjer stor brannbelastning (dvs mykje som kan brenna); eksempelvis lager av fòr, halm, sagflis, byggemateriale, plast og gamalt utstyr.
  • Mange driftsbygningar er av eldre årgang, og er dermed ikkje underlagt dei same byggetekniske krav som nybygg.
  • Fleire stader er tilgangen på slokkevatn begrensa sammelikna med tettbygde strøk.
  • Evakuering av husdyr ved ein brann kan vere svært krevande.

Mange av desse risikofaktorane er også relevant for andre tilsynsetater. Derfor vert desse tilsyna planlagd og gjennomført saman med Arbeidstilsynet og Jæren everk.

 

Her kan du lesa meir om enkeltvedtak ihht brann og eksplosjonsvernloven

Her kan du lesa meir om plikt til internkontroll