Viktig melding

Lukk meldinga

Spesialundervisning

Spesialundervisning er ein individuell rett eleven har i dei tilfella han eller ho treng ekstra tilrettelegging utover det ordinære tilbodet.

Skulen tilpassar opplæringa slik at elevane får best mogleg utbytte, enten det er i ordinær opplæring eller i spesialundervisning. Tilpassinga kan vera knytt til organisering av opplæringa, pedagogiske metodar og progresjon. Skulen kartlegg, vurderer og prøver ut nye tiltak innafor ramma av ordinær opplæring før rektor eventuelt tilviser eleven til PP-tenesta for sakkunnig vurdering av behov for spesialunderisning.

Eleven sine særskilte behov for tilpassing

Skular er ulike. Eleven kan få tilfredsstillande utbytte innanfor ramma av ordinær opplæring ved andre skular, utan at det er mogleg på den skulen eleven går.

Vurdering av at eleven ikkje får tilfredsstillande utbytte av opplæringa er individuell. Det er behovet for spesialundervisning, ikkje årsaken til behovet, som er vurderingstema. Retten til spesialundervisning kan difor i prinsippet omfatta einkvar lærevanske, åtferdsvanske eller sansetap. 

Fasar i saksgangen for spesialundervisning

1. Ordinær opplæring - bekymringsfasen
  • Denne fasen er kjennetikna av at nokre på skulen, foreldra eller eleven sjølv stiller spørsmål ved om eleven får tilfredsstillande utbytte av den ordinære opplæringa. Til dømes startar det med at kontaktlærar er bekymra, snakkar med heimen om det og varslar rektor. Årsaken til bekymringa kan vera at eleven strevar fagleg eller sosialt.
  • Skulen prøver ut nye tiltak før den eventuelt tilviser til PP-tenesta (PPT) for ei sakkunnig vurdering om rett til spesialundervisning. Dersom det er sannsynleg at tilpassingar innan den ordinære opplæringa vil gje eleven eit tilfredsstillane utbytte, skal skulen sette i verk desse tiltaka snarast. Dersom det ikkje er sannsynleg eller at utprøving  viser at eleven ikkje vil få  eit tilfredsstillane utbytte, tilviser skulen til PPT for sakkunnig vurdering.
  • NB! Viss det er eleven eller foreldra som er bekymra og ber skulen om å gjera undersøkingar eller om ei sakkunnig vurdering sender skulen saka til PPT for sakkunnig vurdering uavhengig av om den meiner eleven får tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet eller ikkje.
2. Tilvising til PP-tenesta
  • Når skulen meiner at eleven, til tross for forsøk med ulike tiltak ikkje vil kunne få et tilfredsstillande utbytte, eller dersom eleven eller foreldre har bedt skulen om å gjera undersøkingar eller om ei sakkunnig vurdering,  tilviser rektor til til PP-tenesta (PPT) for ei sakkunnig vurdering av eleven sitt behov for spesialundervisning.
  • Saksbehandling av saker om spesialundervisning i Hå-skulen skjer digitalt. Skulen skriv tilvising til PPT i sitt digitale saksbehandlingssystem. Tilvisinga går først til elev eller foreldre for digital godkjenning/samtykke før skulen sender det vidare til PPT. Frå eleven har fylt 15 år er det tilstrekkeleg med eleven sitt samtykke i saker om spesialundervisning.
3. Sakkunnig vurdering av eleven sitt behov
  • Dette er fasen kor PP-tenesta (PPT) greier ut om og gir ei tilråding til skulen om eleven har behov for spesialundervisning eller ikkje.
  • Den sakkunige vurderinga skal visa om eleven har behov for spesialundervisning, og kva opplæringstilbod som bør givast.
  • Den sakkunnige vurderinga inneheld PPT si vurdering av:
    • Eleven sitt utbytte av den ordinære opplæringa

    • Eleven sine lærevanskar og andre forhold som er viktig for opplæringa

    • Eleven sine realistiske opplæringsmål

    • Eleven sin moglegheiter i ei ordinær opplæring

    • Opplæring som gir et forsvarleg opplæringstilbod

  • På bakgrunn av informasjonen og materialet som kjem frå skulen, må PPT vurdera om dei skal henta inn fleire opplysningar og om dei skal gjera eigne undersøkingar. Som ein del av dette arbeidet må PPT bruke ulike kjelder og metodar. Det kan vera:
    • samtale med eleven/foreldra

    • grundigare opplysningar og vurderingar frå skulen

    • eigne undersøkingar, observasjonar og kartleggingsprøvar

    • rapportar og utredningar frå andre sakkunnige

    • samtale med andre involverte

  • Foreldra/eleven er part i saka. Det betyr blant anna ein rett til å sjå den sakkunnige vurderinga når den er utarbeidd.
  • Saksbehandlingstid: PPT skal gi melding til skulen dersom deira saksbehandlingstid fører til at skulen ikkje kan behandle saka innan ein månad. Skulen sender då eit foreløpig svar til foreldra/eleven.
4. Vedtaksfasen
  • Etter at PP-tenesta (PPT) har sendt si sakkunige vurdering til skulen, skal skulen vurdera og avgjera om eleven har rett til spesialundervisning. Rektor fattar enkeltvedtak om spesialundervisning.
  • Før rektor fattar enkeltvedtaket om spesialundervisning skal eleven/foreldra samtykka til at det blir gjort. Eleven/foreldra får tilsendt samtykkebrev av skulen for digital godkjenning.
  • Det skal gå klart og tydeleg fram  av enkeltvedtaket kva slags opplæringstilbod eleven skal ha. Enkeltvedtaket skal blant anna seie noko om:
    • innhald (kva slags opplæringstilbud, avvik fra læreplanverket; under dette kompetansemål og timar, kva fag avviket skal gjelda for, fritak frå vurdering osv.)

    • omfang (antal årstimar osv.)

    • organisering (i klassen/gruppa, lita gruppe, eineundervisning, alternativ opplæringsarena)

    • kompetanse (lærar, spesialpedagog, logoped, assistent osv.)

  • Den sakkunnige vurderinga er rådgivande, men dersom rektor vel å ikkje følgje den sakkunnige vurderinga når han eller ho fattar enkeltvedtak om spesialundervisning, stiller opplæringslova §5-3 siste ledd særlege krav til grunngjeving.
  • Eleven/foreldra har klagerett, og kan klage både på avslag om rett til spesialundervisning, på innhaldet i enkeltvedtaket om spesialundervisning, på saksbehandlinga og på manglande oppfylling av enkeltvedtaket.
5. Planlegging og gjennomføring
  • Planleggings- og gjennomføringsfasen startar etter at rektor har fatta et enkeltvedtak som gir eleven rett til spesialundervisning. Planleggingsfasen handlar blant anna om utforming av individuell opplæringsplan (IOP).
  • Alle elevar som får spesialundervisning skal ha ein IOP og den skal bygga på enkeltvedtaket om spesialundervisning.  IOPen skal bidra til å sikra at eleven får eit likeverdig og tilpassa opplæringstilbud.
  • Skildringar av mål, innhald, arbeidsmåtar, vurderingsformer og organisering i ein IOP må samordnast med den ordinære opplæringa slik at eleven får eit heilskapleg opplæringstilbod
  • IOP er eit arbeidsverktøy for skulen/læraren for å sikra at eleven sitt opplæringstilbod vert i samsvar med det som eleven har rett til etter enkeltvedtaket
  • Foreldra/eleven treng ikkje gi samtykke til IOP, og heller ikkje signera, før skulen kan begynne å bruka han. Skulen skriv IOPen i digitalt saksbehandlingssystem og sender kopi til foreldra/eleven.
6. Evaluering og vegen vidare
  • I denne fasen skal skulen vurdera eleven si utvikling og korleis  opplæringstilbodet fungerer
  • Grunnlaget for vurderinga er årsrapporten og IOP. Skulen skal utarbeide ein årsrapport for alle elevar med spesialundervisning. Årsrapporten skal gi skriftleg oversikt over den opplæringa eleven har fått, og ei vurdering av utviklinga til eleven. Skulen skriv årsrapport i digitalt saksbehandlingssystem og sender årsrapporten til eleven/foreldra.
  • Eleven si utvikling skal vurderast ut i frå måla som er sett i eleven sin IOP, og eleven bør trekkjast aktivt med i vurderinga av sin trivsel, læring og utvikling
  • Når eleven si utvikling er vurdert må skulen, i samarbeid med foreldra og eleven, vurdera om det er behov for vidare spesialundervisning, eller om eleven kan få tilfredsstillande utbytte av det ordinære opplæringstilbodet
  • Dersom eleven si utvikling er relativt stabil og behovet for spesialundervisning er godt dokumentert gjennom tidlegare utgreiingar frå PP-tenesta (PPT), kan det vera tilstrekkeleg å bygge vidare på desse utgreiingane uten å gjera ei ny grundig sakkunnig vurdering. Ofte kan det vera tilstrekkeleg med ei grundig utgreiing til dømes kvart tredje år.
  • Skulen fattar nytt vedtak om spesialundervisning med samtykke frå foreldra/eleven på bakgrunn av den sakkunnige vurderinga og evalueringa i årsrapporten
  • Viss perioden for den sakkunnige vurderinga er utløpt, eller skulen vurderer at eleven sitt behov for spesialundervisning er endra, er det nødvendig å tilvisa eleven til PPT på ny. Skulen må då og eventuelt henta inn samtykke fra foreldra/eleven på ny.
  • Ved gjenteken tilvising til PP-tenesta er det i første omgang eleven sin IOP og årsrapport som dannar grunnlaget for skulen si tilvising

Skulen sitt ansvar

Skulen skal :

  • involvera og spør foreldra før dei tek avgjerder som gjeld eleven
  • vurdera om eleven treng spesialundervisning
  • be PP-tenesta (PPT) om å gjera ei sakkunnig vurdering hvis foreldra ber om det, eller viss skulen meiner at eleven trenger spesialundervisning
  • fatta enkeltvedtak som seier om eleven skal få spesialundervisning eller ikkje, og kva spesialundervisninga skal vera
  • laga ein individuell opplæringsplan (IOP)
  • gi eleven spesialundervisning slik det er skildra i enkeltvedtaket og IOP-en
  • laga ein skriftleg rapport om spesialundervisninga og utviklinga til eleven ein gong i året
  • sørge for at foreldra og eleven får rettleiing om kva vurdering med og utan karakterer inneber, før dei bestemmer seg

Involvering av foreldre

Foreldre:

  • kan krevja at skulen undersøker om barnet deira treng spesialundervisning
  • skal bli involvert og seie ja før skulen ber PPT om å greie ut om barnet
  • skal bli involvert og seie ja før skulen bestemmer at barnet skal få spesialundervisning
  • skal få ein skriftleg rapport ein gong i året om spesialundervisning barnet får og ei vurdering av korleis barnet utviklar seg
  • kan klaga dersom barnet ikkje får spesialundervisning
  • kan klaga på innhaldet, gjennomføringa eller organiseringa av spesialundervisninga
  • kan bestemma om barnet på ungdomsskulen skal få fritak frå vurdering med karakter i dei faga han eller ho har fått spesialundervisning

Rimeleg saksbehandlingstid

Opplæringslova seier ikkje noko spesielt om kor lang tid det kan gå før skulen fattar enkeltvedtak om spesialundervisning, men eleven sitt behov for å få avklart behov og rettar så raskt som mogleg er ein viktig del ved å vurdera saksbehandlingstida. Utdanningsdirektoratet seier difor at ei saksbehandlingstid på til dømes  totalt over tre månadar i frå skulen eller foreldra er bekymra og skulen startar sine undersøkingar til enkeltvedtak er fatta, kan vera for lang saksbehandlingstid. PPT skal gi melding til skulen dersom deira saksbehandlingstid fører til at skulen ikkje kan behandle saka innan ein månad. Skulen sender då eit foreløpig svar til foreldra/eleven.

Rettsleg grunnlag

Retten til spesialundervisning er regulert i opplæringslova kapittel 5. Saksbehandlingsreglane i forvaltningslova utfyller saksbehandlingsreglane i opplæringslova. Utdanningsdirektoratet sin "Veilederen Spesialundervisning" har informasjon om handlingsrommet skulane har til å tilpasse den ordinære opplæringa slik at elevane får eit tilfredsstillande utbytte, og om når retten til spesialundervisning trer inn og om saksgangen.